Heimesjukepleie

Personar som er heimebuande, og som har behov for pleie og tilsyn, kan få tilbod om heimesjukepleie.

Kontaktinformasjon heimesjukepleie og praktisk bistand:

Postadresse:

Heimetenester

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Vakttelefon:

95 78 04 70

Besøksadresse:

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

 

Einingsleiar heimetenester:

Reidun Abotnes

56 58 98 55

Dagsenter:

Anne Karin Røsseland

56 58 98 50

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit

91 64 14 97



Oppgåver som heimesjukepleien kan hjelpa med er personleg hygiene, medisintillaging, sårstell og tilsyn.

Behov for heimesjukepleie kan meldast skriftleg eller munnleg til pleie- og omsorgsavdelinga i det området der du bur. Før søknaden eventuelt vert innvilga, vil det verta gjennomført heimebesøk for å vurdera behovet.

Tenesta er gratis.

Heimesjukepleie er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknadsskjema:
Behovet for heimesjukepleie kan meldast munnleg eller skriftleg til pleie- og omsorgseininga. Søknadsskjema (felles søknadsskjema for pleie og omsorgstenester) finn du i menyen til høgre på sida.  


Heimesjukepleie/praktisk bistand i heimen  -  Informasjon ved vedtak
Eining for pleie og omsorg har utarbeidd eit informasjonsbrev til personar som har fått innvilga heimesjukepleie eller praktisk bistand i heimen (heimehjelp) og deira næraste pårørande. Der finn ein diverse praktisk informasjon til brukarar av desse tenestene. Innhaldet i brevet er også lagt ut her på kommunen si heimeside:



Tilrettelegging av heimen for tilsette i heimetenesta

Når brukar av heimetenesta tar imot hjelp, blir heimen automatisk den tilsette sin arbeidsplass. Den tilsette skal kunne utføre arbeidet sitt på ein sikker og forsvarleg måte. Det betyr at heimen i utgangspunktet skal innreiast/tilretteleggjast slik at det kan ytast hjelp utan at arbeidet medfører uheldige belastningar og/eller skade på arbeidstakarane. Dette er heimla i Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern § 4-1 og 4-4.

Viktige tilhøve for at dei tilsette skal ha gode arbeidsforhold er:

  • At det er gode hjelpemidlar på plass i heimen der det er behov (eks; sykeseng, toalettstol, handtak på veggene, rullator, personløftar osv
  • At det er utstyr til reinhald (eks; støvsugar, bøtte/langkost, vaskemiddel, vaskemaskin og klutar)
  • At det er mogeleg å rydda vekk møblar for å letta reinhaldet/pleien
  • At husdyr er ute i band (eller inne på eige rom) når den tilsette kjem
  • At det ikkje vert røykt tobakk medan den tilsette er der (bør og ha lufta før den tilsette kjem
  • At det er nok lys til å utføra arbeide
  • At utelyset er tent når det er mørkt
  • At det der det er mogeleg vert måka/strødd om vinteren
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.06.2017