Heimehjelp/praktisk bistand i heimen

Heimehjelp og praktisk bistand vert gjeve til personar som er heilt avhengige av hjelp til dei praktiske gjeremåla i kvardagen.

Tenesta skal medverka til at brukaren greier mest mogleg sjølv og blir minst mogleg avhengig av hjelp frå andre. Døme på oppgåver ein kan få heimehjelp til er reingjering, klesvask og handling. 
 

Kontaktinformasjon heimesjukepleie og praktisk bistand:

Postadresse:

Heimetenester

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Vakttelefon:

95 78 04 70

Besøksadresse:

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

 

Einingsleiar heimetenester:

Reidun Abotnes

56 58 98 55

Sakshandsamar: 

Linda Tveit

56 58 98 53

Dagsenter:

Anne Karin Røsseland

56 58 98 50

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit

91 64 14 97



Omfang og betalingssatsar
Vanleg nivå på heimehjelp i Samnanger er 1-2 timar kvar 14. dag, men det skal gjerast ei individuell vurdering ved kvar søknad.

Eigenbetalinga følgjer Samnanger kommune sine satsar for heimehjelp, slik dei går fram av kommunen sitt betalingsregulativ, som er vedteke av kommunestyret. Satsane vert justerte 1. januar kvart år.

Heimehjelp er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.


Søknadsskjema:
Søknadsskjema (felles søknadsskjema for pleie og omsorgstenester) finn du i menyen til høgre på sida. Søknad må sendast skriftleg til pleie og omsorgseininga.


Heimesjukepleie/praktisk bistand i heimen  -  Informasjon ved vedtak
Eining for pleie og omsorg har utarbeidd eit informasjonsbrev til personar som har fått innvilga heimesjukepleie eller praktisk bistand i heimen (heimehjelp) og deira næraste pårørande. Der finn ein diverse praktisk informasjon til brukarar av desse tenestene. Innhaldet i brevet er også lagt ut her på kommunen si heimeside:



Tilrettelegging av heimen for tilsette i heimetenesta
Når brukar av heimetenesta tar imot hjelp, blir heimen automatisk den tilsette sin arbeidsplass. Den tilsette skal kunne utføre arbeidet sitt på ein sikker og forsvarleg måte. Det betyr at heimen i utgangspunktet skal innreiast/tilretteleggjast slik at det kan ytast hjelp utan at arbeidet medfører uheldige belastningar og/eller skade på arbeidstakarane. Dette er heimla i Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern § 4-1 og 4-4.

Viktige tilhøve for at dei tilsette skal ha gode arbeidsforhold er:

  • At det er gode hjelpemidlar på plass i heimen der det er behov (eks; sykeseng, toalettstol, handtak på veggene, rullator, personløftar osv
  • At det er utstyr til reinhald (eks; støvsugar, bøtte/langkost, vaskemiddel, vaskemaskin og klutar)
  • At det er mogeleg å rydda vekk møblar for å letta reinhaldet/pleien
  • At husdyr er ute i band (eller inne på eige rom) når den tilsette kjem
  • At det ikkje vert røykt tobakk medan den tilsette er der (bør og ha lufta før den tilsette kjem)
  • At det er nok lys til å utføra arbeidet
  • At utelyset er tent når det er mørkt
  • At det der det er mogeleg vert måka/strødd om vinteren
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 23.01.2017