Reglar for redusert foreldrebetaling i barnehage

Familiar/husstandar har rett til ikkje å betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Dette er ei søknadsbasert ordning. Søknader om redusert foreldrebetaling må sendast til NAV Samnanger. 


I 2019 er maksimalprisen for barnehageplass som følgjer: 

  • 2 990 kroner pr. månad i perioden 1. januar - 31. juli.
  • 3 040 kroner pr. månad i perioden 1. august - 31. desember  


Ordninga med redusert foreldrebetaling er som nemnt ovanfor søknadsbasert. Det er familien/husstanden sjølv som må søkja om redusert foreldrebetaling. Dette er ikkje noko ein får automatisk. Dersom husstanden si totale årsinntekt er lågare enn 548 500 kroner per år, så er det aktuelt å søkja om redusert foreldrebetaling. Søknadsskjema finn du ved å gå inn på lenka nedanfor. Skattemelding må leggjast ved søknaden.

Søknad om redusert foreldrebetaling må sendast seinast den 10. i månaden. Dersom søknaden vert innvilga, vil den reduserte foreldrebetalinga gjelda frå den påfølgjande månaden. Det må søkjast på nytt for kvart barnehageår. 

Dersom du har spørsmål om reglane for redusert foreldrebetaling, kan du ta kontakt med NAV Samnanger v/Lisbeth Aadland på telefon 55553333.  

 

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.06.2019