Du kan også nytta 116117 i fastlegens åpningstid, om det hastar og du ikkje kjem igjennom på det ordinære telefonnummeret.
Det nye fellesnummeret er innført for at det mellom anna skal vera lettare å kontakta legevakt når ein er på reise eller flytter. Medan dei fleste veit at 113 er nummeret til medisinsk naudtelefon, kjenner berre eit fåtal nummeret til si lokale legevakt.
Legevakta har også eit lokalt telefonnummer, 56 57 03 70. Dette nummeret kan brukast dersom du oppheld deg i ein annan kommune, men ønskjer å få kontakt med Os og Samnanger legevakt. Dette kan til dømes vera aktuelt dersom du skal ringa på vegner av eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i Samnanger.
Medisinsk naudtelefon 113 skal berre nyttast ved akutt fare for liv.
Meir informasjon: