Minner om gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare.

Frå hausten 2016 fekk alle kvinner født 1991 og seinare tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). Dette vaksineringsprogrammet pågår framleis.


Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Vaksineringsprogrammet som starta hausten 2016 held fram for alle kvinner født 1991 og seinare og dei får fortsatt tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). For å vera med på denne vaksineringa, må ein ha starta vaksineringsprogrammet innan utgangen av 2018. Vaksinen anbefalast til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 dør av sykdommen. Vaksinen kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 fekk uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare også tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet varer fortsatt, men er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 måneder og må derfor startast opp innen utgangen av 2018.


I Samnanger er det helsestasjonen som vil stå for vaksineringa. Me ynskjer at dei som vil ha vaksine tek kontakt med oss i forkant, så me kan avtala tid. Helsestasjonen kan nåast på telefon: 56589105. Me kan òg nåast på mobil: 48893212 eller 48997002.



Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttets nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 22.09.2017