Senter i kommunen

Bjørkheim - Klikk for stort bilete

Bilete frå Ytre Tysse 2011 - Klikk for stort bilete

Tysse
På Tysse finn ein kommunehus, landhandel/daglegvarebutik, byggvarebutikk, frisør og Samnanger fabrikker (SAFA).

Kommunehuset og frisør ligg på Indre-Tysse. Dei andre verksemdene nevnt ovanfor ligg på Ytre-Tysse. 

Ytre-Tysse vart i samband med årtusenskiftet 1999/2000 vald som tusenårsstad i Samnanger kommune. Tusenårsstaden (tusenårspark, kai og miljøgate) vart opna 18.06.2011.


Bjørkheim
På Bjørkheim finn ein to daglegvarebutikkar (i den eine av butikkane er det også post), motell med kafé og pub, bensinstasjon og bilservice, frisør, pizzeria, butikk med sport-/fritidsutstyr, leikar, gåver, garn, m.m. og SAFA sitt fabrikkutsal. 

Folkebiblioteket (Høgspent'n) og frivilligsentralen ligg òg på Bjørkheim. 


Lenke til kart.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.04.2019