Sævell

I området rundt Sævell, på grensa mellom Samnanger og Bjørnafjorden, er det fleire moglegheitar for fine turar. Frå fylkesveg 48 kan ein f.eks. gå til Fløyen og Stemmevatnet (360 m.o.h). 

Langs Sævlavatnet går det bilveg (bomavgift kr. 20 for personbilar) innover mot Va, der det er parkering. Herfrå er det fine turmoglegheitar både på vegen innover Altasæterdalen, på skogsveg/sti gjennom Sørdalen, og på skogsveg/sti gjennom Norddalen.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 02.01.2020