Bøsseberarar til TV-aksjonen 2017

tva_hovedlogo_2017_rgb.png - Klikk for stort bilete  Har du høve til å bli med?

 TV-aksjonen 2017 går til UNICEF. Saman skal me gje barn og unge i Colombia, Mali, Sør-Sudan, Syria og Pakistan tilgang på læring. Eitt av fem barn i krigs- og konfliktområder står i dag utan skulegang. UNICEF jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av vaksne sine krigar og konfliktar. Skulegang gjer barn som lever i konfliktområder høve til å læra, leika og vera saman.

 

Sjølve aksjonsdagen er søndag 22. oktober med

oppmøte i biblioteket kl 14.45. Aksjonen startar kl 15.00 og vil vara i ca 2 timar. 

 

Med oss på laget har me flotte elevar i 9. klasse, samt sjåførar frå frivillige lag- og organisasjonar. Det er likevel behov for ca 20 bøsseberarar i tillegg for at me kan dekka alle husa i Samnanger.

 

Dersom du har høve til å bli med oppmodar me deg til å registrera deg her. Her kan ein også lesa meir om årets TV-aksjon.   

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 28.09.2017