Influensavaksine 2017

Ein ny influensasesong står for døra, og legekontoret startar vaksinering frå måndag 30 oktober.

 

INFLUENSAVAKSINE

 

Ein ny influensasesong står for døra, og legekontoret startar vaksinering 

frå måndag 30. oktober

 

Vaksine mot sesonginfluensa blir tilrådd alle over 65 år og til personar med sjukdommar/tilstandar som gjer at dei ikkje toler influensasjukdom så godt. Det er vist at vaksinasjon reduserer risikoen for komplikasjonar som lungebetennelse, forverring av kroniske grunnsjukdommar og varig svekka helse. I tillegg er vaksinerte over 65 år mindre utsette for hjarteinfarkt og hjerneslag i influensasesongen enn dei som ikkje er vaksinerte.

 

Vaksine mot sesonginfluensa blir særleg tilrådd:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke.
  • Born og vaksne med:
    • diabetes mellitus type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • annen alvorleg eller kronisk sjukdom der influensa utgjer alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Pårørande til personar med nedsett immunforsvar

Vend deg på legekontoret alle dagar frå måndag 30. oktober i tida 0900-1500. Du treng ikkje bestilla time. Vaksinen vert sett av helsesekretær, og kostar kr 50,-. Observasjonstid på legekontoret etter vaksinering: minst 20 minutt.

 

Om du ikkje tilhøyrer risikogruppa over, kan du likevel få vaksine mot sesonginfluensa. Du må då først skaffa deg resept, hente vaksinen på apoteket, og så koma på legekontoret for å få den sett. Vaksineprisen på apoteket er noko høgare.

 

Om du tilhøyrer ein av risikogruppene over, og ikkje har fått vaksine mot lungebetennelse dei siste 10 åra, anbefalast det at denne vert sett samstundes med influensavaksinen. Denne vaksinen kostar kr 300,-.

 

I tillegg til å betale for vaksinen(e), vil det koste kr. 125,- å få sett vaksinen. Om du får sett vaksinen i samband med konsultasjon, vil det koste kr. 75,-.

 

For meir informasjon, ring legekontoret på tlf 56589100 eller sjå www.samnanger.kommune.no

 

Harald Ramm Salbu

smittevernlege

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 09.10.2017