Etablerersenteret i Hordaland Fylkeskommune

Etablerersenteret er ein del av tenestene til Hordaland fylkeskommune. Etablerersenteret tilbyr kurs i etablering, veiledning/rådgivning og nettverkstreff til gründarar, entreprenørar og oppstartsbedrifter i Hordaland. Tilbodet er både på norsk og engelsk. Innbyggjarar i Samnanger kommune kan benytta seg av dette tilbodet.  

 

Vårt tilbod:

 

 

Norsk

Kurspakken ABC Etablering består av 1-2-3 Etablering, Etablererkurs og Økonomikurs. Me tilrår gründarar å ta heile kurspakken. Kurspakken kostar kr. 1300. Men kursa kan og tas enkeltvis.

 

1-2-3 Etablering – 3 timers kurs – Her lærer ein om det formelle som må på plass for å starta eigen bedrift: Val av selskapsform, risiko, skatt og moms, registering, lovar og reglar, etc.
Kurset kostar kr. 300 å ta enkeltvis.

 

Etablererkurs – To heildagskurs – Her går me djupare inn i forretningsplana og jobbar med forretningside og forretningsmodellerinng på dag 1. Dag 2 jobbar me med økonomi og skatt. Deltakarane jobbar med sin eigen forretningside.

Kurset kostar kr. 800 å ta enkeltvis.

 

Økonomikurs – Heildagskurs – Her spelar deltakerne seg til økonomiforståelse gjennom spelet Økonomi Illustrartor®. Deltakarane blir satt i grupper og jobbar saman om eit gitt case. Gruppa fungerar som eit styre for bedriften som dei fylgjer gjennom fire fiktive år. Saman må dei ta tøffe strategival/avgjersler om bedrifta sin økonomi og framtid; Skal dei investera i nytt produksjonsutstyr? Skal dei betala ned meir på lånet? etc. I tillegg lærer deltakarane å setja opp resultatrekneskap og balanse, samt rekne ut nøkkeltal. Me ser at deltakarane drar kunnskapen frå dette økonomikurset over til eigen gründerprosjekt og at det går nokre «lys» opp her.

Kurset kostar kr.700 å ta enkeltvis.

 

Veiledning/rådgjeving – Booke time etter behov – Veiledning om forretningsutvikling vert gjeve av oss rådgjevarar på Etablerersenteret. Forutsetjng om at vedkomande har deltatt på eit av våre kurs.
Tilbodet er gratis.

 

Treffpunkt – Frukostmøter – Rundt ein gong i månaden arrangerer me gratis frukostmøter med ulike dagsaktuelle tema for gründarar. Møta er open for alle og temaene varierer frå gång til gång.

Temaer kan for eksempel vere; sosiale medier, salg, erfaringsutveksling/gründerhistoriar, finansiering, etc.
Tilbodet er gratis.  

 

 

Engelsk:

1-2-3 Start Up – 4 timars kurs – Engelsk utgåva av 1-2-3 Etablering. Kostar kr. 300.

 

Business economics course – Heildagskurs – Engelsk utgåva av økonomikurset. Kostar kr. 700.

 

Veiledning/rådgjeving – Booke time etter behov – Vert og gitt på engelsk. Tilbodet er gratis.

 

Link Up @ The Library – Frokostmøter på engelsk – Fire gonger i året arrangerar me gratis frokostmøter på engelsk med dagsaktuelle tema for gründarar. Møta er open for alle og temaene varierar frå gång til gång.

Tilbodet er gratis.

 

 

 

Meir informasjon på vår heimeside:

www.etablerersenteret.no

 

Informasjon om Etablerarfond:

http://etablerersenteret.no/etablererfond-for-bergensregionen/

 

Gründarar som ønskjer å starta eller nyleg har starta eigen bedrift kan søkja om inntil kr. 50.000 for å gjera dei nødvendige tiltaka for å starta eigen bedrift (forretningsutvikling, nettverksbygging, kundeundersøkingar, kompetanseheving, etc.).

 

 

Etablerersenteret på facebook:

https://www.facebook.com/Etablerersenteret/ 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 26.10.2017