Turistinformasjon

 

Snarvegar: 
Turstiar og turområde  -  Badeplassar  -  Idrettsanlegg  -  Overnatting  -  Senter i kommunen   -  Kart over Samnanger  -  Tal og fakta om Samnanger  - www.visitsamnanger.no




  Hiking trips in Samnanger
  Spaziergänge und Wanderungen in Samnanger




Velkomen til Samnanger!

Samnanger er ein vakker kommune med både fjord- og fjell-landskap i hjarta av Vestland.

Den mest kjende turistattraksjonen vår er Fossen bratte (Brudesløret), som mange stoppar ved på fylkesveg 49 mellom Tysse og Eikedalen.  

Me har spesielt gode tilhøve for friluftsliv, fiske og jakt. Ta kontakt med Samnanger jeger og fiskarlag for nærare informasjon om jakt- og fiskeområde. Sjå lenke til nettsidene deira i menyen til høgre på sida.

I Samnanger ligg og det største alpinanlegget i Bergensområdet, Eikedalen skisenter.

Det er også mange fine badeplassar ved Samnangerfjorden.

Det er ikkje eige turistkontor i Samnanger.


Overnatting:

  • Bjørkheim kro og motell a/s. Enkle og doble rom. Feriehusvære.
  • Gaupholm Camping. Liten idyllisk campingplass på austsida av Samnangerfjorden. Teltplassar og høve til å overnatta med campingvogn eller bubil.
  • Sætervika. Sætervika Ungdomssenter ligg idyllisk til ved Samnangerfjorden, og tilbyr sommarhotell ved fjorden. 
  • Kvernes. Høve til leige av feriehus på vekebasis. Gamalt restaurert gardshus på ein liten, men veldriven gard med villsauer i flott vestlandsk naturlandskap på vestsida av Samnangerfjorden. Tlf. Gudbjørg og Jann Haugen: 56586393.
     

Fossen bratte - Klikk for stort bilete

 
 
Eikedalen skisenter - Klikk for stort bilete Samnangerfjorden hauststemning - Klikk for stort bilete Rolvsvåg friluftsområde - Klikk for stort bilete
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 07.07.2020