Førehandsrøysting ved valet 2019

Her finn du informasjon om tilbodet om førehandsrøysting i Samnanger. 



Ordinær førehandsrøysting
Det er tilbod om ordinær førehandsrøysting på Sørvissenteret på kommunehuset på Tysse på kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00 i perioden 12.08.2019 - 06.09.2019. 


Førehandsrøysting på biblioteket på Bjørkheim
Det er tilbod om førehandsrøysting på biblioteket på Bjørkheim følgjande dagar: 

  • Torsdag 29.08.2019 kl. 15.00 - 19.00
  • Laurdag 31.08.2019 kl. 10.00 - 14..00
  • Torsdag 05.09.2019 kl. 15.00 - 19.00



Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Det er tilbod om førehandsrøysting på Samnangerheimen for bebuarar på sjukeheimen og andre brukarar av pleie- og omsorgstenestene. Dato/tidspunkt er tysdag 03.09.2019 kl. 11.30 - 13.00. 


Førehandsrøysting heime (ambulerande røysting)
Veljarar som på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan røysta påved ordinær røysting, kan søkja om å få førehandsrøysta heime. Du kan søkja skriftleg til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no, eller du kan søkja munnleg ved å ringja ekspedisjonen på kommunehuset på tlf. 56587400. Søknaden må vera komen til kommunen seinast tysdag 03.09.2019. Førehandsrøystinga heime vil skje onsdag 04.09.2019 og torsdag 05.09.2019, ved at valmedarbeidarar frå kommunen reiser rundt til dei som har søkt om å få røysta heime.    


Førehandsrøysting i utlandet
Sjå informasjon på Valdirektoratet sine nettsider


Valkort
Det skal vera sendt ut valkort i posten til alle som står i manntalet. Dersom du ikkje har fått valkort, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekka om du står i manntalet. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar.


Legitimasjon ved røysting
Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon når du kjem for å røysta. Gyldig legitimasjon må innehalda veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon. 


Meir informasjon: