Eigedomsskattesatsar i Samnanger kommune i 2020

Kommunestyret vedtok 05.12.2019 satsar for eigedomsskatt i 2020.

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen for 2020 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Med heimel i § 12 i eigedomsskattelova vedtok kommunestyret at skattesatsen for bustad- og fritidseigedomar i 2020 skal vera 2,8 promille. Kommunestyret vedtok òg at botnfrådraget for bustad- og fritidseigedomar i 2020 skal vera 30 000 kroner.  

Satsar i 2020 i forhold til 2019
Den generelle skattesatsen i 2020 er den same som i 2019 (7 promille).

For bustader og fritidseigedomar er både skattesatsen og botnfrådraget endra i 2020: 

  • Skattesatsen er auka frå 2,4 til 2,8 promille. 
  • Botnfrådraget er redusert frå 100 000 til 30 000 kroner.


Bakgrunnen for endringane er at det i eigedomsskattelova er innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 prosent med verknad frå 2020. Endringane i promillesats og botnfrådrag er gjort for at kommunen sine inntekter på eigedomsskatt skal bli om lag dei same i 2020 som 2019.  



Heile vedtaket i kommunestyret 05.12.2019 om eigedomsskatt (sak 096/2019):

I medhald av eigedomsskattelova (Esktl) §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2020: Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen jf. § 3 bokstav a. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av esktl § 12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,8 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt skattegrunnlag som følgje av at produksjonsutstyr og –installasjonar ikkje skal takast med i takstgrunnlaget når dei tidlegare verk og bruk skal takserast og reknast som næringseigedom frå og med 2019, jf. overgangsreglane til esktl. §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilte skattegrunnlaget skal i 2020 vere lik 5/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av nye verdsettingsreglar og at produkjonssutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som frå og med 2019 vert ansett som næringseigedom. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av esktl. § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av esktl. § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 1 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Fritaket gjeld bygg der det vert starta bygging i 2019 eller seinare. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus, jf esktl. § 8C-1. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter.

Eigedomsskatten skal betalast i 4. terminar.
Publisert av Jan Erik Boge (administratorbrukar). Sist endra 16.12.2019