Evaluering av Samnanger-Os legevakt

Samnanger kommune skal evaluera den interkommunale legevakta.

I samband med det er det viktig å få informasjon om pasientane si oppleving av legevakta.

For å få kunnskap om dette gjennomfører me ei brukarundersøking blant dei som har vore i kontakt med legevakta på Os anten berre på telefon eller ved besøk på legevakta. På grunn av personvern vil alle husstandane i kommunen få tilsendt spørjeskjema, men skjema er meint for dei som har vore i kontakt med legevakta. For å få eit godt bilete av korleis legavakta vert opplevd av brukarane er det viktig at me får inn mange svar. Me ber derfor om at all nytter høve til å seia si meining. Dersom det er innbyggjarar som ikkje har brukt den interkommunale legevakta men som ynskjer å gje tilbakemelding til kommunen, er de velkomne til det. Slike tilbakemeldingar kan sendast på e-post adm@samnanger.kommune.no, via facebooksida til kommunen eller som brev.

I tillegg til brukarundersøkinga vil me og spørje andre som er i kontakt med legevakta, som AMK, lensmann og pleie- og omsorgstenesta vår om korleis dei har opplevd samarbeidet med legevakta. Me vil og sjølvsagt høyra med helsepersonellet på legevakta og då ikkje minst våre eigne legar om kva dei meiner.

Me skal leggje fram evalueringsrapporten for kommunestyret i slutten av februar. Denne rapporten vil vera offentleg tilgjengeleg mellom anna på kommunen si heimeside.


Tone Ramsli
rådmann



(Spørjeskjemaet kan også fyllast ut på PC og sendast til kommunen på e-post.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 19.01.2011