Rus og psykisk helse

Rus- og psykiatritenesta skal gje tenester til personar over 18 år med psykiske eller rusrelaterte plager. Tenesta er eit lavterskeltilbod som er frivillig og gratis.

I Samnanger kommune er det to psykiatriske sjukepleiarar som har kontor på helsetunet. Avdelinga disponerer også ei leilegheit på Ytre-Haga. Arbeidstida er vekedagar frå kl 08.00–15.00. Me samarbeidar med andre avdelingar og med spesialhelsetenesta.


Me tilbyr:

  • støttesamtalar i leilegheita eller ved heimebesøk
  • hjelp og støtte for at brukaren skal klara å gjenomføra ulike avtalar
  • dagtilbod ein dag i veka
  • felles trimtur ein dag i veka
  • svømming på ungdomsskulen ein ettermiddag anna kvar veke i vinterhalvåret.


Me kan kontaktast på telefon eller ved å fylla ut skjemaet: "Søknad om pleie og omsorgstenester"

 

  • Har du sjølvmordstankar eller kjenner du nokon som har dette?
     

Det er fyrst og fremst fastlegen sitt ansvar å tilby hjelp, også øybelikkeleg hjelp om det skulle vera naudsynt.

Ring Samnanger legekontor på Helsetunet: tlf. 56 58 91 00

  • Du kan også ta kontakt med avd. for Rus og psykisk helse i Samnanger kommune, på Helsetunet.

Ring tlf. 97 70 13 40 / 96 94 89 01

  • Utanom kontortid (kl 08.00–16.00) vil du få hjelp ved å kontakta lokal legevakt på Os. Ring tlf. 116 117.
     

Tilbodet gjeld alle aldersgrupper.

Du kan også ta kontakt med frivillige organisasjonar på nett eller tlf.:

  • Mental helse tlf. 116 123, på nett og tlf. heile døgnet
  • Kirkens SOS tlf. 22 40 00 40, på nett og tlf. heile døgnet
  • Kors på halsen (Røde kors) tlf. 800 33 321, på nett heile døgnet, på tlf. kvardagar mellom kl. 14.00–20.00.

 

Sist endra 05.05.2020 12.54