HeimFaktura, rekningar og gåver

Faktura, rekningar og gåver

Betale rekning frå Samnanger kommune

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar/fakturaer frå Samnanger kommune skal betalast til bankkonto: 3530.35.30000 som og står på rekninga/fakturaen. Du må oppgje aktuelt KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di. 

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-NUMMER: NO9135303530000  
  • SWIFT/BIC-adresse: SPAVNOBB 

Kvar finn du fakturaen din?

Privatpersonar:

Me nyttar fylgjande kanalar for utsendelse, i prioritert rekkefølgje:

  1. avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps
  4. digital postkasse
  5. e-post
  6. papirfaktura

Ynsker du å endre kvar du mottek faktura?

Då kan du sjekke innstillingane i nettbanken din.

eFaktura

  • Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
  • Ver merksam på “Ja-takk til alle”
  • “Ja-takk til alle” kan vere sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
  • Har du betalt rekningar for andre kan du ha oppretta betalingsavtale for dei.

Trykk her for å lese meir om eFaktura.

Vipps

Sjekk innstillingane i Vipps-appen.

Les og:

Digital postkasse

Sjekk innstillingar i den digitale postkassen

For næring/verksemder

Faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgje:

  1. EHF
  2. e-post
  3. papirfaktura

For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vere oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melde verksemda inn i Elma og Aksesspunkt.

Trykk her for å lese meir om Elma og Aksesspunkt

Har du spørsmål om betaling av faktura?

Ta kontakt med økonomikontoret

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga som tenesta gjeld.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- slamgebyr og feiing: Ring servicesenteret på tlf 56 58 74 00 og be om å få snakke med teknisk forvaltning. 
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med Samnanger barneskule på tlf 56 58 99 87.
  • Spørsmål om praktisk bistand: Ring pleie- og omsorgseininga på tlf 56 58 98 50.
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Samnanger kommune, servicesenteret tlf 56 58 74 00
Fleksibel fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt

Samnanger kommune har tilbod om fleksibel fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Tilbodet gjeld i hovudsak kundar som har e-faktura, helst i kombinasjon med avtalegiro.

Kundane kan velje mellom å få faktura fire gongar i året, månadleg eller årleg med forfall 20.02.

Ta kontakt med økonomikontoret på e-post kommunekassen@samnanger.kommune.no dersom du er interessert i å endre til månadleg eller årleg faktura. Me treng informasjon om namn på fakturamottakar og kva gards- og bruksnummer det gjeld.

Du treng ikkje ta kontakt dersom du framleis ynskjer å få fire fakturaer i året.

Alle gebyr vert frå 3. kvartal 2022 fakturert med lik sum på kvar faktura. 3. kvartal 2022 vert overgangsperioden og feie- og tilsynsgebyr vil då bli fakturert med ¾-delar av årsgebyret. Det same gjeld slamavskiljar for fritidsbustad.

Tilskot og gåver

For andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) kan du merke den med den avdelinga du ønskjer å gi til, eller ta kontakt med økomikontoret i kommunen for å få informasjon om korleis du skal merka innbetalinga.

Sende faktura til kommunen?

Alle faktura skal adresserast til Samnanger kommune. Merk faktura med kven eller kva avdeling som har bestilt vara eller tenesta. 

Samnanger kommune ynskjer elektronisk faktura i såkalla "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar. Her er viktig informasjon om kva som skal til for at verksemda di skal kunne sende elektronisk faktura til Samnanger kommune.

EHF er ei forkorting for Elektronisk Handelsformat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Samnanger kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. Dette gjer fakturahandsaming meir effektiv og sikker. 

Her kan du lese meir om ordninga:

 

Samnanger kommune sitt organisasjonsnummer er: 964 968 985

Kan ikkje verksemda di levera EHF-faktura?

Send faktura på e-post til faktura@samnanger.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer, meirverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto, KID- nummer, og namn på/informasjon om bestillar. faktura må ha 30 dagars forfall. 

Sist oppdatert: 07.02.2023
Publisert: 23.10.2018