HeimBarnehageBarnehagane våre

Barnehagane våre

Aadland Gards- og Friluftsbarnehage AS (privat)

Aadland gards- og friluftsbarnehage er ein privat barnehage som starta opp i 1999. Barnehagen er eigd og driven av Ragnfrid og Audhild Aadland Olsnes. Den ligg på Ådland med flotte naturområde både til fjells og ved sjøen. 

Sjå i kart

Barnehagen har fellesopptak med dei to kommunale barnehagane. Opptaket vert administrert av Samnanger kommune v/barnehageeininga.

Nøkkelinformasjon

  • Adresse: Samnangervegen 404, 5652 Årland
  • Telefon barnehagen inne: 970 46 298. Telefon løa: 918 61 941
  • Organisasjonsnummer: 999 508 405
  • Opningstid: 07.00 til 16.30
  • To avdelingar. Ei avdeling for barn i alderen 1 til 4 år og ei avdeling på løa for barn i alderen 4 til 6 år.

Satsingsområda til barnehagen

Gardsdrift og dyra våra er ein grunnleggjande del av barnehagen. I barnehagen vår vektlegg me at barna skal ha kontakt med dyr. Me har hestar, kattar, kaninar, høner, ein minigris og mange sauer. Friluftsliv er eit anna av satsingsområda våre. Skog og sjø ligg rett ved barnehagen. Me har naust ved sjøen og me brukar og mykje husmannsplassen vår Ospekleiva. I barnehagen er me glade i utkledning og teater. Kvar juni er det kunstutstilling i løa.

Årsplan

Årsplan 2022 - 2024

Dråpeslottet barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Velkomen til Dråpeslottet barnehage. Me held til på Gjerde, like ved Samnanger barneskule.

Sjå i kart

Barnehagen vart bygd i 2008, har universell utforming og er tilrettelagt for alle barn uansett funksjonsevne. I nærområdet kan barna bruka naturen som arena for leik og læring. Ved sjøen kan ein finna eit tilrettelagt område der barna kan utforska livet i fjæra. Barnehagen inneheld blant anna formingsverkstad, eit bibliotek, og eit stort fellesrom der barna kan danna vennskap på tvers av avdelingane. Sjekk gjerne Facebooksida vår.

Vibeke Lønnebakken Utskot er einingsleiar i barnehagen.  

Nøkkelinformasjon

  • Adresse: Nesjavegen 10, 5650 Tysse
  • Telefon: 56 58 97 10
  • Opningstid: 07.00 til 16.30
  • To avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
  • To avdelingar for barn i alderen 3 til 6 år

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Vasspytten, barn 1-3 år      
    Telefonnummer til avdelinga  474 53 404
  • Plopp, barn 1-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 404 48 047
  • Fossekallen, barn 3-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 459 74 917
  • Bekken, barn 3-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 459 75 361

Slik jobbar me

I Dråpeslottet skal barna møta eit spanande pedagogisk innhald som endrast i takt med barna sin alder og utvikling. Her skal dei oppleva eit personale som engasjerer og inspirerer, som viser omsorg og støtte. Våre planar og mål skal ta utgangspunkt i det barna er opptatt av og interessert i. Barnehagen skal leggja til rette for vennskap og fellesskap, kor kvart einskild barn er viktig i positivt samspel med andre barn og vaksne. Trygge og nysgjerrige barn lærer mest.

Korleis:

Leiken skal ha ein sentral plass i vår kvardag. Personalet skal ivareta barna sitt behov for leik, ved å skapa eit inspirerande leikemiljø etter barna sine eigne interesser og ynskje. Leiken skal vera ein arena for utvikling og læring, og sosial og språkleg samhandling. Personalet skal støtte og bidra til at barna opplever glede, humor og engasjement gjennom leik åleine og saman med andre. Gjennom dagleg observasjon og deltaking skal personalet aktivt bidra til at barna sin leik er inkluderande og positiv. 

Vår pedagogiske verksemd tek utgangspunkt i barnehagelova og rammeplanen. Barnehagelova gjev overordna formål, innhald og organisering for tilbodet, medan rammeplanen gjev retningsliner for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Dråpeslottet skal vera ein lærande organisasjon og våre arbeidsmåtar skal kontinuerlig evaluerast saman med barn og føresette. 

 

Trykk her for å lasta ned Dråpeslottet sin årsplan for 2023. 

 Vassloppa barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Vassloppa barnehage har tre avdelingar og ligg sentralt på Ådland, med gangavstand til Bjørkheim.

Sjå i kart

Me har flotte turområde med skog og sjø i nærleiken. Barnehagen vart total renovert og bygd om frå skule til barnehage og opna i 2012. Me har to inngangsparti med romslege garderobar, stort felleskjøken og eigen gymsal og scene.

Sjekk gjerne Facebooksida vår

Aud Lygre Solvang er einingsleiar i barnehagen. 

Nøkkelinformasjon

  • Adresse: Reistadliane 37, 5652 Årland
  • Telefon: 56 58 75 80
  • Organisasjonsnummer: 975 321 282
  • Opningstid: 070.00 til 16.30
  • To avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år
  • Ein avdeling for barn i alderen 3 til 6 år

Kontaktinformasjon til avdelingane våre 

  • Hoppetussa , barn 1-3 år      
    Telefonnummer til avdelinga  474 68 066
  • Kolbøtta, barn 1-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 474 87 811
  • Akrobaten, barn 3-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 474 83 698

Slik jobbar me:

Personalet skal variera arbeidsmåtane og tilpassa dei til einskilde barn og barnegruppa.

Variasjon i arbeidsmåtar kan bidra til å gjera innhaldet spanande og allsidig.
Arbeidsmåtane skal skapa engasjement, interesse og motivasjon og gje barna nye opplevingar og erfaringar.

Korleis?

Me skal ta omsyn til barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ i kvardagen og ved val og gjennomføring av tema og prosjekt.
Me skal gje rom for leik, kreativitet og improvisasjon, og veksla mellom spontane og planlagde aktivitetar. Det er lov å endre på planen og ha fokus på barneperspektivet der og då.
Variasjon i inntrykk og gje barna høve til å uttrykkja seg på ulike måtar.
Me arbeidar tverrfagleg og heilskapleg i tråd med dei ulike delane i remmeplanen.
Me tek i bruk nærmiljøet og lokale tilhøve, når me planlegg og gjennomfører aktivitetar.
Me vurderar jamnleg dei ulike arbeidsmåtane.

Årsplan 

Trykk her for å lasta ned årsplanen

 

 

Satsingsområde for barnehageåret 2023 / 2024

  • Haust 2023:
    • Kosthald og ernæring: Kommpetanseheving/kurs for alle tilsette. Evaluaring/gjennomgang av alle typar måltid og matvarer me serverer, i samarbeid med helsesjukepleiar.
    • Matjungelen: Digital Verktøykasse  med eit rikhaldig utval av  aktivitetsopplegg for borna og oppskrifter til bruk i barnehagen. Innhaldet er i tråd med gjeldande kosthaldsråd, og Rrammeplanen for barnehagar. https://matjungelen.no/

 Råd og utval

Trykk her for å lesa om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.


Sist oppdatert: 26.04.2023
Publisert: 30.05.2018