HeimBarnehageBarnehagemiljø

Barnehagemiljø

Barnehagen skal arbeida førebyggjande og kontinuerleg for å fremja helsa, trivnaden, leiken og læringa til barna og hindra og gripa inn mot krenkingar.
Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøkja saka og så langt det finst eigna tiltak, sørgja for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.
 

Barnehagen si aktivitetsplikt

  • Alle som arbeider i barnehagen må følgja med på at barna har det bra. Om ein vaksen i barnehagen får vita om, eller får mistanke om at eit barn blir utsett for krenkingar skal dei gripa inn, undersøkja saka og setja inn tiltak som gjer at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • I alvorlege tilfelle skal styrar melda frå til barnehageeigar.
     

Aktivitetsplikta

  • Plikt til å følgja med

    • Alle vaksne i barnehagen har ei plikt til å følgja med på korleis barna har det. Dette er eit arbeid som skal foregå kontinuerleg og systematisk.
  • Plikt til å gripa inn

    • Alle vaksne i barnehagen skal gripa inn dersom barn vert utsett for krenkingar.
  • Plikt til å varsla

    • Alle som arbeidar i barnehagen skal melda frå til styrar i barnehagen dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • Plikt til å undersøkja

    • Plikta startar når ein har mistanke om, eller får kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemijø. Barnehagen skal undersøkja barnet si oppleving og skal finna ut kva som er årsaka til at barnet ikkje har det bra.
  • Plikt til å setja inn tiltak

    • Barnehagen har ei plikt til å utarbeida ein skriftleg plan med eigna tiltak. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.


I den skriftlege planen skal det stå:

  • kva problem som skal løysast
  • kva barnehagen har planlagt
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som skal gjennomføra tiltaka
  • når tiltaka skal evaluerast

Skjerpa aktivitetsplikt

  • Om ein som arbeidar i barnehagen får mistanke om, eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen krenkar eit barn, skal vedkomande straks melda til styrar i barnehagen. Styrar skal melda frå til barnehageeigar.
  • Dersom ein som arbeidar i barnehagen får mistanke eller kjennskap til at styrar i barnehagen krenkar eit barn, skal vedkomande melda direkte til barnehageeigar.

Ta kontakt med barnehagen

Om du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen, er det viktig at du melder frå til barnehagen. Om eit barn i barnehagen ikkje opplever å ha det bra, må barnehagen følgja opp dette.
 

Mobbeombod i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland har eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Mobbeomboda i Vestland heiter Mari-Kristine Morberg og Aina Drage. Dei rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Kontakt mobbeomboda

Alle kan ta kontakt med mobbeomboda.

Du kan òg følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook.
Du kan lese meir om ombodet og kva dei kan hjelpe deg med her. 
 

Meir informasjon

Trykk her for å lasta ned Handlingsrutinar mot mobbing i Samnanger sine barnehagar. 

Trykk her for å lesa forskift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.

Trykk her for å lesa informasjon på Utdanningsdirektoratet sine sider om den nye lova.

Trykk her for å lasta ned Foreldrerettleiing: "NULL MOBBING"


Sist oppdatert: 20.07.2022
Publisert: 20.01.2021