Før skulestart
Mange barn har barnehageerfaring før dei startar på skulen. Difor har me laga felles retningsliner for å sikre det gode samarbeidet. Rutinane skal gje barna og foreldra ein trygg overgang, og skulen tilgang til viktig informasjon.
Program for førskulebarna
- Januar: Møte for føresette til alle førskulebarn
- Januar: 6 åringane vitjar 1. klasse
- Februar: Innskriving
- April: Bli-kjent-tur 1, ved Vassloppa barnehage
- Mai: Bli-kjent-tur 2, Hagabotnane
- Mai: Førskuledag
- Juni: Bli-kjent-tur 3, Sætervika
Informasjon om barnet ditt
For å sikra ein god og trygg overgang for barnet ditt, vil barnehagen be om at du signerer eit samtykkeskjema som gjev avdelingsleiar i barnehagen lov til å dela informasjon med kontaktlærar på barneskulen.
Har barnet ditt særskilde behov, tar skulen initiativ til ei eiga vurdering i lag med deg som føresett for å sjå på moglege tiltak.
Vil du vita meir?
Sist oppdatert:
20.07.2022
Publisert:
30.05.2018