HeimBarnehageRedusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Slik søkjer du

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet som du finn i Vigilo. 

  • Søknader som kjem før 1. september gjeld frå 1. august og ut barnehageåret.
  • Søknader som kjem frå 1. september gjeld frå første heile månad etter søknadstidpunktet og ut barnehageåret.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, har du rett på redusert pris/foreldrebetaling. 

Inntektsgrensa ligg frå 01.01.2023 på 550 000 kroner. 

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 615 590 per år som har 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkja om gratis kjernetid.

Inntekstgrensa på kr 615 590 gjeld frå 1. august 2023. 

Makspris

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Frå 1. januar 2023 er maksprisen 3 000 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg. 

Dersom kommunen skriv vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid, vil barnehagen trekkja dette frå på rekninga.

Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, uavhengig om dei er offentlege eller private. Grensa vert fastsett av Stortinget. Barnehagane kan krevja betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen.

Les meir

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider


Sist oppdatert: 17.01.2024
Publisert: 17.04.2018