HeimBarnehageSøkja barnehageplass

Søkja barnehageplass

Slik søkjer du 

Det er samordna barnehageopptak i Samnanger (felles opptak for dei to kommunale barnehagane og den private barnehagen). Opptaket vert administrert av kommunen. 

 

Trykk her for å søkja barnehageplass

Barnehagevedtekter for kommunale barnehagar i Samnanger.

 

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars.

Du kan senda søknad heile året, og vil bli sett på venteliste. Du får tilbod om plass dersom barnehagen har ledig plass.

NB: Viktig informasjon til føresette som skal søkja barnehageplass. Ved enkelte høve kan søkjar oppleva at det kjem opp feilmeldingar når dei skal senda søknad. Her er viktig informasjon om korleis du går fram for å senda inn søknaden.

  • Kontroller at du har rett nettlesar. Det er viktig å bruka Google Chrome nettlesar når du skal søkja barnehageplass.
  • Det kjem nokon gongar opp feilmelding «bad Gateway» når du skal senda søknaden. Dette kan skuldast at du ikkje har Google Chrome nettlesar på din pc.
  • Dersom dette likevel skjer med deg, kan du klikka «send inn søknad «gjentatte gongar for å overstyra feilen. Etter 4-5 gongar vil feilmeldinga endra seg til «There already exist an application» eller liknande. Då har søknaden din gått igjennom. Du skal då motta melding om at me har motteke søknaden din.

Dersom du får opp feilmelding om at postnummeret er feil:

  • Dette kan fort skje når du skal leggja til medsøkjar. Då det kan bli lagt inn eit mellomrom før/etter postnummeret. Du må då undersøkja om postnummeret er skrive inn på rett måte. Det er lurt å fylla alt inn på nytt.

Har du spørsmål knytt til opptaket kan du ta kontakt med rådgjevar Siv Sæterdal på telefon 56 58 74 59 så ho kan hjelpe deg, eller ta direkte kontakt med ein av barnehagane du søkjer.

Trykk her for å lesa meir om barnehagane i kommunen vår.


Kva kostar det?

Trykk her for prisliste for kommunale barnehagar. 

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkja barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november, har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betala for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endra på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkja barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod dersom me har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritera å gje plass til følgjande barn i hovudopptaket:

1. Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester § 4-12 og § 4-4 andre og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage. (jfr bhg§13 ). Denne prioriteten gjeld også for barn under 1 år. Dokumentasjon frå sakkunnig instans må stadfeste at barnet har nedsett funksjonsevne. Sakkunning instans er t d. lege, helsestasjon, PPT barnevernstenesta eller sosialkontor. Dokumentasjon bør ikkje vera eldre enn 3 månader frå søknaden vert sendt.

2. Barn frå familie som har store belastningar p.g.a, sjukdom eller funksjonshemming hos føresette eller søsken

3. Barn av einslege forsytarar som er i arbeid eller under utdanning 

4. Barn som har søsken som går i den ynska barnehagen ved oppstartdato

5. Eldre barn går føre yngre barn under elles like tilhøve

6. Omsyn til samansetjing av barnegruppa kan i einskilde høve føre til at yngre barn går føre eldre slik at gruppa vert velfungerande og har god spreiing i alder og kjønn

Dersom to eller fleire barn står likt ved vurdering kan plassar fordelast ved loddtrekning.

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å senda dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Flytta, byta eller seia opp barnehageplass?

Flytta eller byta barnehageplass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalda barnehageplassen du har. Ynskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkja om ny barnehageplass.

Reglar for oppseiing
  • Skal barnet ditt slutta i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du informera barnehagen og seie opp barnehageplassen i Vigilo, minst to månader før barnet skal slutta.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan me krevja betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seia opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter.

Slik seier du opp barnehageplassen
  • Du informerar barnehagen.
  • Du går inn på foreldreportalen i Vigilo og seier opp barnehageplassen der.

Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 17.04.2018