Behov for tilpassa tilbod?
Meldefrist
Det er ikkje meldefrist. Du kan melda frå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.
Slik melder du frå
Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.
Trykk her for meldeskjema - behov for kommunal tilrettelegging i barnehage
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva får du?
Barnehagen skal tilpassa tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vera snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.
Kva seier lova?
Barnehagelova § 37 skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.
Sist oppdatert:
22.02.2021
Publisert:
30.05.2018