Samarbeid mellom Bergen og Samnanger
Det er inngått avtale om vertskommunesamarbeid mellom Bergen og Samnanger innanfor brann- og redningstenester. Avtalen og inneber at Bergen brannvesen utfører diverse oppgåver knytt til brann- og redningstenester for Samnanger. Avtalen omfattar ansvar for både førebyggande oppgåver, feiing/tilsyn og leiing av brann- og redningsberedskap i Samnanger. Brannsjefen i Bergen er også brannsjef i Samnanger.
Trykk her for informasjon på Bergen brannvesen sine nettsider.
Samnanger kommune har framleis arbeidsgjevaransvaret for dei deltidstilsette i brannvesenet i kommunen.
Sist oppdatert:
07.04.2021
Publisert:
14.02.2021