Branntryggleik

Bål- og bråtebrenning 

Det er forbod mot å brenna bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føra til brann. Skal du brenna bål eller bråte, må du vera sikker på at det ikkje kan føra til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjera opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkja kommunen om lov. Du har likevel lov til å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann.

Dersom brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføra totalforbod mot å brenna bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levera til gjenvinningsstasjon.

Spørsmål om bålbrenning

Spørsmål om bålbrenning må rettast til Bergen brannvesen, tlf 53030000.  Me har ikkje eit eige skjema for å søkje om løyve til å gjere opp eld. 

Ved bråte- og lyngbrenning må ein søkje om løyve til dette via e-post til brannsjefen. Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.

Jonsokbål

På jonsokaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjera opp eld der det openbert ikkje kan føra til brann.

Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og for å sløkkja elden før staden vert forlaten.

Her kan du lese meir 
Forskrift om brannførebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet

Branntryggleik i heimen

Korleis kan du minska faren for brann i heimen din?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Me anbefaler likevel å montera fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redda dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikla seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.

Røykvarslar

Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du kontrollera at han er CE-merkt med tilvising til NS-EN 14604.

Husbrannslange

Alle bustader skal ha eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.

I vanlege bustader anbefaler me brannslange som alltid skal vera kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruka vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.

Brannsløkkingsapparat

Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjera, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar eller mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Me anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre dersom røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.

Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, enten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?
  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levera eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgja for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjera på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald. 
    Klikk her for å lese meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside.

Bruk og sal av fyrverkeri

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du senda opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkja brannvesenet om lov. Du må søkja minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du om å senda opp fyrverkeri

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

Når kan brannsjefen kan gje løyve til å bruka fyrverkeri?
  • Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum
  • Ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • Når vêrmessige forhold ligg til rette
  • Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
  • Dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk når naboar blir varsla på førehand.

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekna med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruka dette på ein måte som sikrar at det ikkje vert skade på personar eller omgivnadene.

Sal av fyrverkeri

For å driva handel med pyroteknisk vare (fyrverkeri) må du søkja om løyve frå brannvesenet. Sjå informasjon om dette på Bergen brannvesen sine nettsider

Søknaden sender du til bergen.brannvesen@bergen.kommune.no


Sist oppdatert: 25.07.2022
Publisert: 13.07.2018