HeimBrannvern, eldstad og feiingEldstad, feiing og tilsyn

Eldstad, feiing og tilsyn

Skal du installera eller reparera eldstad?

Du treng ikkje søkja dersom:
  • du skal installera, endra, riva eller reparera ein eldstad innanfor ei og same brukseining eller branncelle
  • riva og byggja opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setja opp ein eldstad. Me anbefaler likevel at du brukar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkja, må du melda frå til kommunen om det du har gjort. Meldinga må innehalda informasjon både om bustaden din og om den som monterer omnen for deg. Meldinga skal sendast på ein av følgjande måtar: 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen
Du må søkja med hjelp frå fagfolk dersom:
  • du skal byggja, riva, endra eller rehabilitera skorstein
  • dette vil seia at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Trykk her for å lesa meir om å søkje med hjelp frå fagfolk

Slik søkjer du
  1. Me brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Fagfolka som søkjer for deg må bruka blankett 5174.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  4. Skjemaet sender du på e-post til kommunen på ein av følgjande måtar:  
  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen
Søknaden må innehalda:
  • erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytta
  • opplysningar om tal røykløp
  • opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lesa meir om nabovarsling
  • situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein 
Kva seier lova?

Feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom me på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feia og føra tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleva at naboen har feiing oftare enn deg.

Under eit slikt besøk sjekkar me branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vera heime når me kjem på tilsyn, men feiinga kan me gjennomføra utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta frå 2016 seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføra feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje er også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar me branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre fritidsbustader har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vera på hytta når me kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan me gjennomføre utan at du er der.

Dette må du gjera før me kjem
  • Ikkje fyr den dagen me skal feia
  • Hugs å stengja spjeld og ventilar
  • Finn fram ei bøtte til sot
  • Har du peis, kan det vera lurt å hengja eit vått handkle framfor opninga
  • Set fram godkjend stige. Stigen må vere i metall
  • Sjekk at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen
Kvifor feiar me?

Ein skorstein med mykje sot vil sleppa ut meir CO2 i tillegg til at han vil trekkja dårlegare. Regelmessig feiing av både skorstein og eldstad vil derfor vera meir økonomisk, fungera betre og ureina mindre.

Hindrar feiing pipebrannar?

Det er viktig at feiaren får avdekt om det er beksot i skorsteinen, når han eller ho gjennomfører tilsynet. Pipebrann oppstår av beksot. Uheldig fyringsmønster og/eller dårleg isolerte skorsteinar kan føra til beksot. Denne sota er vanskeleg å fjerna, og skorsteinen må gjerne fresast. Dersom det vert avdekt store mengder beksot i skorsteinen, vil me krevja at det vert utført tiltak. I nokre tilfelle gir me fyringsforbod.

Bustadtilsyn

Før kom me på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feia og føra tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Under eit slikt besøk sjekkar me branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på sms før besøket. Du må vera heime når me kjem på tilsyn, slik at du kan visa oss rundt i bustaden.

Dette sjekkar me:

  • at eldstad og skorstein er intakt og verkar slik dei skal
  • at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerer, og at det er rømmingsvegar frå bustaden
  • om det er behov for feiing, og om feiar har tilgang til skorsteinen

I tillegg gir me deg god informasjon og rettleiing på spørsmål om branntryggleik, fyring og fyringsøkonomi.

Kva skal betalast for feiing? 

Dei kommunale avgiftene for feiing følgjer talet på aktive røykløp som er registrert i bustaden. Avgiftene følgjer ikkje talet på aktive eldstadar som er registrert på bustaden. 

Kva kostar feiing og tilsyn?

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje.

Gebyrsatsar finn du i kommunen sitt betalingsregulativ for diverse kommunale avgifter og gebyr (under avsnittet "Avgift for feiing og tilsyn"): 

Gebyrliste 2024 – Kommunale gebyr og avgifter

Gebyrliste 2023 – Kommunale gebyr og avgifter

Betalingsregulativ 2022 – Diverse kommunale avgifter og gebyr

Eg vil redusera eller fjerna feiegebyret

For å redusera eller fjerna feiegebyret, må huseigar redusera talet på aktive røykløp. For å redusere talet på aktive røykløp kan ein:

  • Demontera/fjerna alle aktive eldstader som er tilknytt røykløpet. Dette arbeidet kan gjerast av huseigar.
  • Riva røykløpet. Dette arbeidet er søknadspliktig etter plan og bygningsloven og skal utførast av fagpersonell.
  • Tetta røykløpet eller eldstaden. Dette arbeidet skal utførast av fagpersonell.

Når eit røykløp er blitt gjort inaktivt, skal ei eigenfråsegn og dokumentasjon av arbeidet sendast til kommunen før det kan skje ei forandring av feiegebyret.

OBS! OBS! Om ein vil ta vekk ein eldstad frå eit røykløp, og røykløpet framleis har ein aktiv eldstad tilknytt seg, skal dette arbeidet utførast av fagpersonell sidan det er endring på eit aktivt røykløp.

Kva skal eg gjera om eg har fått avvik, merknad eller fyringsforbod på eldstad eller røykløp?

Du skal ha fått eit brev frå feiar som beskriv alle avvik og merknadar. For å fjerna avvik, merknadar eller fyringsforbod må punkta som er beskrivne i brevet vere utbetra.

OBS! OBS! Avvik, merknadar og fyringsforbod gir ikkje fritak frå feiegebyr.

Samnanger kommune har ikkje noko med avvik og merknadar. Dette er det Bergen brannvesen v/feiar som har ansvar for.


Sist oppdatert: 03.01.2022
Publisert: 13.07.2018