HeimHelse, sosial og omsorgBarnevernstenesteBekymringsmelding til barnevernet

Bekymringsmelding til barnevernet

Bekymringsmelding

Bekymringsmelding for offentleg tilsette

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som er offentleg tilsett ta kontakt med eller senda ei bekymringsmelding til barnevernet.

Alle offentleg tilsette og fleire yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, uavhengig av om du jobbar i det offentlege eller ikkje, har plikt til å melda og gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at 

  • eit barn vert mishandla i heimen
  • det ligg føre andre former for omsorgssvikt
  • når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Meldeplikta er personleg, altså ikkje lagt til verksemda eller verksemda sin leiar.
Opplysningsplikta går føre teieplikta. Dersom arbeidet ditt er regulert etter ei særlov, til dømes opplæringslova, helsepersonellova eller barnehagelova, vil du finne kapittel der som handlar om opplysnings-/meldeplikta.

Vilkåra for å melde bekymring til barneverntenesta utan samtykke er strenge. Dersom du er i tvil om vilkåra er innfridde, kan du drøfta saka anonymt med barneverntenesta.

Melde saman med dei det gjeld

Ofte er foreldra einige med deg som meldar om at barnet eller dei sjølv strevar og treng hjelp. I slike tilfelle er det mogleg å søkja barnevernet om hjelp ilag med eller på vegner av foreldra.

Det kan vera nyttig å prøva å få til eit samarbeid med foreldra før du melder saka til barnevernet. Uansett er vårt generelle råd at du orienterer foreldra om meldinga og kva som gjer at du har meldt frå.

Når bør du melda?

Meld frå til barnevernet om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vera viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje vera heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera korleis dei skal følgja opp meldinga di.
Du kan ringja barnevernet anonymt dersom du vil drøfta saka før du melder.
 

Korleis melder du?

Du bør helst melda frå skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.
Bruk det elektroniske skjemaet i lenka nedanfor for innmelding til barnevernstenesta.

Trykk her for elektronisk skjema for bekymringsmelding til barnevernet

Dersom du vil melda munnleg, kan du kontakta barnevernstenesta på telefon, så ordnar barnevernet ein avtale/møte med deg. Barnevernstenesta vil då skriva ned meldinga ilag med deg i møtet.

Meldinga bør innehalda: 

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme.
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid.
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka.
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vera anonym.

Oppfølging av meldinga

Du får ei skriftleg tilbakemelding på at barnevernet har mottatt meldinga di og om meldinga vil føra til ei vidare undersøking innan 3 veker.
Når barnevernet har undersøkt og konkludert i saka, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om barnevernet eventuelt set inn tiltak.
Dersom foreldra samtykker, eller barnevernet meiner det er avgjerande, kan du få fleire opplysningar.
Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt. Om du melder på ny, ikkje ta for gitt at barnevernet kjenner til alt sjølv om dei er eller var inne i saka.

Bekymringsmelding for privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller senda ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melda?

Meld frå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.
Du treng ikkje vera heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera korleis dei skal følgja opp meldinga di.
Du kan ringja barnevernet anonymt om du vil drøfta saka før du melder.

Kan du vera anonym?

Du kan velja om du vil vere anonym eller ikkje. 
Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seia namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakta deg dersom dei har spørsmål eller treng meir informasjon.

Korleis melder du?

Du kan melda skriftleg enten på elektronisk skjema eller på papirskjema (pdf-skjema). Du kan også melda munnleg. 

Dersom du brukar det elektroniske skjemaet, kan du ikkje vera anonym. Dersom du ønskjer å vera anonym, må du bruka papirskjemaet.  

Elektronisk skjema for bekymringsmelding

Trykk her for å gå til elektronisk skjema for bekymringsmelding til barnevernet

Dette skjemaet krev innlogging og skal sendast elektronisk til kommunen når det er ferdig utfylt. 

Papirskjema (pdf-skjema) for bekymringsmelding

Trykk her for å lasta ned meldeskjema i PDF-format. 

Meldinga bør innehalda:

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vera anonym

Utfylt papirskjema (pdf-skjema) kan enten sendast elektronisk via eDialog, eller i posten til:

  • Barneverntenesta i Samnanger
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse

Dersom du ønskjer å vera anonym, må meldinga sendast i posten. Du kan ikkje senda anonymt via eDialog. 

Bekymringsmeldinga inneheld sensitiv informasjon, og skal ikkje sendast på e-post. 

Munnleg bekymringsmelding

Dersom du vil melda munnleg kan du kontakta barnevernet på telefon, så ordnar dei ein avtale. Barnevernet vil då skriva ned meldinga ilag med deg i møtet.

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender barnevernet ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er mottatt.
Dersom du har sendt ei melding, men framleis er uroa etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

Kontaktinformasjon til barnevernstenesta

  • Telefon: 56587400 / 95885771
  • E-post: post@samnanger.kommune.no
  • Besøksadresse: Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • Postadresse: Barnevernstenesta i Samnanger, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • Opningstider: Måndag til fredag kl. 09.00 - 15:00 (Barnevernstenesta jobbar i hovudsak der barnet er  -  difor er me ikkje alltid på kontoret. Avtal gjerne møte på førehand.)
  • Barnevernsleiar: Laila Grønn Jensen

 


Sist oppdatert: 03.05.2023
Publisert: 06.11.2018