Fysioterapi

Fysioterapeutar jobbar med kropp og bevegelse for å fremje god helse. Du kan både få fysioterapi for å behandle ein sjukdom eller skade og som førebyggande/helsefremjande tiltak. Målet er at du skal utvikla, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevne, utnytta eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. 

Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del (avtalefysioterapeut). Hovudregelen er at du oppsøker avtalefysioterapeut dersom du sjølv klarar det. Om du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan kommunal fysioterapi vere aktuelt.

Kommunal fysioterapi

Kva får du?

  • undersøking og vurdering
  • behandling og oppfølging
  • gruppetrening
  • råd og rettleiing
  • bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddellageret vårt.
  • Fysioterapi for vaksne:
    Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysioterapitenesta sine lokaler på Samnangerheimen.
  • Fysioterapi for barn og unge:
    Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eiegenheim, eller i fysioterapitenesta sine lokaler på Samnangerheimen.


Krav til søkjar

Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.


Tilvisingsskjema (henvisningsskjema)

Skjema for tilvising til fysioterapeut (barn og unge 0-18 år)

Skjema for tilvising til fysioterapeut (vaksne/eldre)


Kontakt oss

Åse Waage Tveit (kommunefysioterapeut)

Avtalefysioterapeut

Kva får du? 

  • Undersøking og vurdering
  • Behandling og oppfølging
  • Gruppetrening

 

Oppfølging skjer primært i instituttet sine lokaler på Samnanger helsetun. 

 

Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvisning frå lege for å ta direkte kontakt med fysioterapeut. 

 

Kontakt:

Fysioterapeut Snorre Hjartnes

  • Telefon: 401 55 258
  • E-post: Samnangerfysikalske@gmail.com (ikkje oppgje sensitiv informasjon)
  • Besøksadresse: Samnanger helsetun, Tyssevegen 108, 5650 Tysse. 

 


Sist oppdatert: 15.12.2023
Publisert: 05.07.2018