Trygg på to bein
Eit fall kan få store konsekvensar både for den enkelte og for samfunnet. Personar som har falt vert gjerne engsteleg for nye fall, og det kan føre til at ein sluttar å gjera ting man har gjordt tidlegare.
Slik inaktivitet førar til tap av funksjon, og dermed auker fallrisikoen ytterlegare. Det er viktig å merke seg at sjølv om eit fall ikkje resulterar i brudd kan personen verta engstleg for nye fall.
“Trygg på to bein” er eit fallforebyggande tilbod for heimebuande eldre som er i risikogruppa for fall. "Trygg på to bein" er eit gruppetilbod som har som mål at du skal kunne fungera best mogleg, lengst mogleg.
Du får tilbod om trening 2 gonger i veka, i 12 veker.
Ved å delta i gruppa får du betra din fysiske funksjon slik at du kan fortsetta å gjera det som er viktig for deg. Før og etter oppstart vil me kartlegge din fysiske form slik at me kan sjå om du har hatt utbytte av treninga. Kartlegginga vert utført av ergo-fysioterapeut for å avgjere om du har behov for trygg på to bein.
Det er planlagt at gruppen vil gå to gonger i året (høst og vår), med forbehold om nok deltagara.
Eit tilbod for deg som;
• har hatt fall eller er redd for å falla
• har balanse eller gang problem
• går innandørs med eller utan støtte
• har behov for støtte eller er utrygg ved gange utandørs
• merka at daglege gjeremål har blitt meir utfordrande på grunn av balanse
• er sjølvstendig i forflyttning med eller utan hjelpemidlar
• er motivert for å vera med på gruppetrening og kan ta imot instruksjonar
• Ved behov for transport til/fra trening kan pasientreise benyttes.
• Eigenandel fram til frikort. Eigenandel er på kr. 102 fram til frikort.
Treninga vil foregå i 0.etg på Samangerheimen.
Treninga vil vera måndagar og torsdagar kl 10:00-11:00.
Korleis søkje
Ønskjer du å melde deg på eller er usikker på om dette er noko for deg, ring eller send mail til ergo/fysio for å avtale kartleggings samtale.
Åse Waage Tveit (kommunefysioterapeut)
- Telefon: 56589107 / 91641497
- E-post: ase.waage.tveit@samnanger.kommune.no
- Besøksadresse: Samnanger helsetun, Tyssevegen 108, 5650 Tysse (kontor) Sjå i kart
Ine Heggøy Fjeldberg (Ergoterapeut)
- Telefon: 45343471
- E-post: ine.heggoy.fjeldberg@samnanger.kommune.no
Me kjem så heim til deg for ein samtale kor me kartleggjer ditt noverande funksjonsnivå og vurderer om du har behov for Trygg på to bein.
Påmeldingsfrist: 09. august
Oppstart hausten 2024: måndag 26. august
Det er plass til 8 deltakarar.