Diabetesteam

Diabetesteamet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Teamet består av lege og diabetessjukepleiar.
Diabetessjukepleiaren har eigne konsultasjonar.
Målet til diabetesteamet er å gje deg som har diabetes betre oppfølging og behandling der du bur, i tett samarbeid med fastlegen og spesialisthelsetenesta.

 

Kven kan få hjelp frå diabetesteamet

Diabetesteamet er eit frivillig lågterskeltilbod til deg som har fått diagnosen diabetes eller står i faresona for å utvikla diabetes.


Dette tilbyr me

• Opplæring i eigen kontroll av diabetes, blodsukkermåling, kosthald, tablettbehandling og insulinstart.
• Oppfølging og kontroll av diabetes.
• Kurs og opplæring innan temaet diabetes i kommunane.
• Diabetessjukepleiar kan gjere heimebesøk ved behov.
Teamet samarbeider med mellom anna fastlegar, kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta, Høgskulen på Vestlandet og diabetesforbundet lokalt.


Slik går du fram

Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta kontakt på telefon, eller be fastlegen din ta kontakt med oss, om du heller ønskjer det.
Fastlegen skal framleis ha det medisinske behandlingsansvaret, og teamet vil gi skriftleg tilbakemelding til fastlegen om innhaldet i konsultasjonen og planlagde tiltak.


Her finn du oss

• Samnanger: Samnanger legekontor, Tyssevegen 138
Kvar fredag i partalsveker.
• Bjørnafjorden:
Os Idrettspark 2. etg, Idrettsvegen 39, 5210 Os
Eikelandsosen helsesenter, 5640 Eikelandsosen

Kva kostar tenesta
Tilbodet er gratis.


Sist oppdatert: 29.03.2023
Publisert: 29.08.2022