Kols-Team

Kols-teamet er eit samarbeid mellom Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune.
Målet med teamet er å hjelpe deg som har diagnosen kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom) til best mogleg helse og livskvalitet gjennom tett oppfølging i lokalmiljøet.
Teamet består av ein sjukepleiar i 100 % stilling og fysioterapeut i 40 % stilling.

Kven kan få hjelp frå kols-teamet?
Alle med diagnosen kols i Bjørnafjorden kommune og Samnanger kommune. Pårørande og anna helsepersonell er også ei viktig målgruppe.

Dette tilbyr me

• Opplæring og informasjon om diagnosen kols til pasientar og pårørande.
• Råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, lokale tilbod og røykeslutt.
• Undervisning og kursing av tilsette i kommunane.
• Treningsgruppe for pasientar med kols. For påmelding, ta kontakt på e-post kolsteam@bjornafjorden.kommune.no
• Vi samarbeider med spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, fastlegane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, LHL Os, folkehelsekoordinator i Fusa og Samnanger og Frisklivsentralen i Os.

Slik går du fram
Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post. Du vel sjølv om du vil kome til oss eller få besøk heime.

Her finn du oss
• Samnanger kommune:
Samnanger helsetun, Tyssevegen 138
Kontortid i Samnanger er fredager i oddetalsveker
• Bjørnafjorden kommune:
Os Idrettspark 2. etg. Idrettsvegen 39, 5210 Os
Eikelandsosen helsesenter, 1. etasje, Leitet 26
• Kontortid: Måndag 8-17. Tysdag - fredag kl. 8-15

Kva kostar tenesta
• Tilbodet er gratis.


Sist oppdatert: 29.03.2023
Publisert: 29.08.2022