Matombringing

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det? 

Gebyrliste 2024 – Kommunale gebyr og avgifter

Gebyrliste 2023 – Kommunale gebyr og avgifter

Betalingsregulativ 2022 – Diverse kommunale avgifter og gebyr

Kven kan få tilbodet?

Heimebuande eldre eller andre som grunna sjukdom, alder eller av andre årsakar ikkje er i stand til å oppretthalda eit tilfredstillande kosthald i det daglege kan få tilbod.

Kva får du?

  • Du vel sjølv kor mange og kva dagar du vil ha matombringing.
  • Du kan få spesialkost ved dokumentert behov.
  • Du får ernæringsrik og variert kost.
  • Middag blir levert dgl. heim til deg. 

Krav til søkjar

  • Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, alder eller funksjonstap.
  • Du må bu i Samnanger kommune.
  • Dersom heimetenestene skal varma opp middagen for deg, må du ha mikrobølgjeomn.
  • Du må vera til stades ved levering, eller syta for at nokon tek imot maten.

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 28.06.2018