Heimehjelp

Kva tilbyr me?

Du kan få hjelp til reinhald i heimen din.

  • golvvask og støvsuging av rom i dagleg bruk som stove, kjøkken, soverom, bad og gang
  • vask av bad
  • vask av vindauga når tilhøva er lagt til rette for det opp til 2 gonger pr. år. Anna reinhald går då ut
  • oppvask og klevask
  • skifting av sengetøy

Det vanlege timetalet ved tildeling av heimehjelp er 1,5 timar kvar tredje veke. Tenesta vert vanlegvis ikkje ytt i helger, på høgtidsdagar eller dagar du er bortreist.

Slik søkjer du 

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det?

Betalingsregulativ -  Diverse kommunale avgifter og gebyr

Det er eigenbetaling for heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Du betalar eit abonnement, prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt. Du får tilsendt rekning kvar månad. 

Som betalingsgrunnlag vert rekna allmenn inntekt frå sist kjende likning.

G = grunnbeløpet i Folketrygda (G). Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet i Folketrygda. 

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Du må bu i Samnanger kommune.

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Klarer me ikkje det, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg, tar me kontakt med deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 16.02.2021
Publisert: 20.10.2020