Heimesjukepleie

Slik søkjer du:

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva tilbyr me?

Hjelpebehovet ditt må skuldast sjukdom eller at du har nedsatt funksjonsnivå.

Heimesjukepleie vert ikkje innvilga dersom du utan store problem kan få hjelp til å utføra tenesta på legekontoret, eller om hjelpa du treng fell utanom lov om sosiale tenester.

  • nødvendig hjelp til personleg stell og pleie
  • hjelp til medisinar, injeksjonar og medisinske prosedyrar
  • sårstell
  • tilsyn og observasjonar
  • rettleiing om kosthald og helse
  • råd, rettleiing og opplæring slik at du sjølv kan meistra oppgåver som til dømes medisin, skifte stomi med meir. 
  • hjelp  til verdig livsavslutning i eigen heim i nært samarbeid med pårørande og lege

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Krav til søkjar

Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.

Kva skjer vidare? 

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 28.06.2018