Hjelpemiddel

Mellombels eller varig behov for hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du få låna dette frå kommunen sitt korttidslager. 

Ved varig behov for hjelpemiddel (over 2 år), må du søkja NAV Hjelpemiddelsentral i Vestland om varig utlån. Dette må gjerast på NAV sitt søknadsskjema.  

Kontaktperson i kommunen

Åse Waage Tveit (kommunefysioterapeut)

Dersom du ikkje får tak i kontaktpersonen, kan du ta kontakt med eining for pleie og omsorg. 

  • Eining for pleie og omsorg
    Telefon: 56589850

Slik søkjer du

Ta kontakt med kommunen sin kontaktperson dersom du treng hjelpemiddel på kortvarig utlån.

Trykk her for å informasjon på NAV sine nettsider om korleis du søkjer om varig hjelpemiddel. Ta kontakt med kommunen sin kontaktperson dersom du treng hjelp i samband med dette. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låna hjelpemiddel.

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale
    • toalettforhøyer
    • armlene til toalett
    • toalettstol
    • dusjkrakk
    • transportrullestol
    • underarmsrullator
    • rullator
    • sengebord
    • terskeleliminator
    • kjøreskinne
    • badekarbrett
    • arbeidsstol
  • Teknisk tilpassing og reparasjonar av hjelpemiddel
  • Flytta fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral
  • Retur hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 28.06.2018