Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenna deg trygg heime og meistre kvardagen trass sjukdom/nedsett funksjonsevne. Etter at me starta med velferdsteknologi, har mellom anna tryggleiksalarm og elektronisk dørlås (eLås) vorte ein del av dette tilbodet.

Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggja behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlasta pårørande.

Kva type alarmar og hjelpemidlar finst?

Tryggleikskapande teknologi i heimen

Ein rekke sensorar kan koplast til tryggleiksalarmen etter behov i tillegg til ordinær smykkesendar/alarmknapp. Det er til dømes sensorar som kan gje alarm ved fall, viss nokon går ut av huset om natta eller røykutvikling og brann. 

Elektronisk dørlås

Elektronisk dørlås (eLås) er eit nøkkelfritt låsesystem som vert installert på ytterdøra til brukarar av heimetenester. Føremålet er å effektivisera nøkkelhandteringa i heimetenestene og betra tryggleiken ved at nøklar ikkje vert borte. eLås vert montert på innsida av døra, utan at den eksisterande låsen må skiftast. Den eksisterande låsen kan framleis nyttast av brukaren på vanleg måte. eLåsen gjer at heimetenesta kan låsa seg inn utan nøkkel, dette gjer dei med ein app.   

Lokalisering ute

Mobile alarmar med GPS-teknologi som gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finne heim kan verta lokalisert av pårørande eller helsepersonell.

Hjelp til å hugsa medisin

Dette er ein dosett eller eit apparat for multidoseposar som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom ikkje medisinen vert tatt, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det?

Gebyrliste 2024 – Kommunale gebyr og avgifter

Gebyrliste 2023 – Kommunale gebyr og avgifter

Betalingsregulativ 2022 – Diverse kommunale avgifter og gebyr

 

Bortsett frå tryggleiksalarm, er velferdsteknologi per i dag gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.

Kva får du?

  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell

Krav til søkjar

  • du må bu i Samnanger kommune
  • du treng hjelp for å kjenna deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalla hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalla hjelp i naudssituasjonar
  • alarmane går på mobilnettet, så desse er avhengige av at det er mobildekning i bustaden

Kva skjer vidare?

 

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarer dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 25.10.2019