HeimHelse, sosial og omsorgHelsetenesterBjørnafjorden og Samnanger legevakt

Bjørnafjorden og Samnanger legevakt

Kontakt oss

  • Ta kontakt med fastlegen din. Ring Samnanger legekontor på tlf: 56589100.
    Opningstider er som følger:
    Telefon: Alle kvardagar kl 08:30-11:30 og 13.00 - 14:30
    Ekspedison: Alle kvardagar kl 08:00 - 12:00 og 12:30 - 15:30

    Fastlegen er hovudkontakten din i helsevesenet.Du bør alltid ringja til fastlegen din først, om det er mogeleg

  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. 
  • Ring 113 ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade

Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringje før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vil vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtaler til 116117 vert loggførte.

Besøksadresse

Adresse: Mobergsbakken 111, beredskapsbygget for legevakt og brannstasjon på Moberg. 

Sjå i kart 

Kva kostar det?

  • Moberg legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betalar  med kort, unngår du faktureringsgebyr. Legevakten tek ikkje imot kontanter. 
  • Prisliste heng på venterommet.
  • Ta med eventuelt frikort.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgiving er gratis.

Kva kan me hjelpe deg med?​

Moberg legevakt gir hjelp med helseproblem, som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:

  • Smerter i brystet eller magen
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorlig psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

På legevakta hjelper me alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.


Sist oppdatert: 23.09.2022
Publisert: 29.06.2018