Svangerskapsomsorg

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg. Tilbodet er gratis, og skal sørgje for at du får råd og rettleiing slik at du og barnet har det best mogleg.

Kontakt lege eller jordmor for å avtale første svangerskapskonsultasjon så tidleg som mogleg. Du bør få timeavtale innan ei veke.

Kontaktinformasjon / timebestilling

Time hos jordmor kan bestillast hjå: 

Jordmor

Kari Øvstedal er vikar som jordmor i perioden januar - september 2024.
Ho er tilstades på Samnanger helsetun på onsdagar.

Ammerettleiing

Jordmor gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil helsesjukepleiar og jordmor kunne tilby ammerettleiing. Me følgjer faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming. 

Teieplikt og tverrfagleg samarbeid

Jordmor og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan me likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Me gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.

Nyttige lenkjer og brosjyrar

Sist oppdatert: 08.02.2024
Publisert: 28.06.2018