HeimHelse, sosial og omsorgHelsetenesterSkulefråvær ved sjukdom

Skulefråvær ved sjukdom

Legeerklæring ved skulefråvær i vidaregåande skule grunna sjukdom

Viser til §3-45 i forskrift til Opplæringsloven og informasjon om reglene for fravær på videregående skole på «Ung.no» (offentlig informasjonskanal for ungdom):

  • Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset.
  • For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:
    a. helse- og velferdsgrunnar
    b. arbeid som tillitsvald
    c. politisk arbeid
    d. hjelpearbeid
    e. lovpålagt oppmøte
    f. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
  • For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette.
  • Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Med bakgrunn i Opplæringslova har legekontoret følgjande prosedyre på skriving av legeerklæring ifm skulefråvær i vidaregåande skule:

  • Elev eller føresett til elev i videregåande skule ringjer inn til legekontoret og melder sjukdom som har medført skulefråver. Det er ønskjeleg at legekontoret blir kontakta på 1. fråversdag for dokumentasjon i journal.
  • Elev/føresett blir beden ta kontakt igjen DERSOM sjukdommen medfører skulefråver på MEIR ENN 3 dagar og når dei veit KOR MANGE fråverdagar sjukdommen medførte totalt.
  • Dersom fråveret er på meir enn 3 skuledagar vert lege informert om fråveret og legen skriv legeerklering som omhandlar HEILE det spesifikke sjukefråver.
  • Lege skriv ikkje legeerklæring ved kortare fråver enn 3 fråversdagar med mindre
    1. eleven har kronisk sjukdom og denne kroniske sjukdommen er årsak til det aktuelle fråver eller
    2. dersom eleven har passert/står i fare for å passera 10% fråværsgrense
  • Ved kronisk sjukdom kan eleven/føresett høyre med skulen om dei godtek ein generell legeerklæring som kan gjelda for seinare fråver meldt med eigenerklæring.
  • Pris for legeerklæring utan oppmøte: 150 kr
  • Ved behov for konsultasjon i tillegg til legeerklæring: elev betalar ordinær konsultasjonstakst i tillegg til legeerklæring.

Bakgrunn:
Viser til §3-45 i forskrift til Opplæringslova og informasjon om reglane for fråvær på vidaregåande skule på «Ung.no», som er ein offentleg informasjonskanal for ungdom.

 

Linkar:

Ung.no - reglane for fråvær på vidaregåande skule

Forskrift til opplæringslova - særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring - Lovdata


Sist oppdatert: 17.01.2023
Publisert: 29.11.2022