Vald og overgrep

Kontakt oss

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Samnanger kommune har avtale med krisesenteret for Bergen og omegn.
  • Bergen legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsoffer.

Kontaktinformasjon

  • Krisesenteret for Bergen og omegn: Ring 55 31 50 50
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 55 99 50
  • Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte, incestutsette og deira pårørande: ring 800 57 000
  • SMISO Hordaland: Ring 55 90 49 90

Kva kostar det?

Tilboda er gratis.

Kvar kan du få hjelp?

Krisesenteret for Bergen og omegn

Tilbyr mellom anna:

  • nokon å snakka med
  • informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi eller andre
  • ein trygg og mellombels bustad

Her kan du lesa meir om krisesenter:

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt

Tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Trykk her for å lesa meir

Hjelpetelefon for seksuelt misbrukte, incestutsette og deira pårørande
  • er eit døgnopent tilbod til born og unge, kvinner og menn som har vore utsette for seksuelle overgrep
  • pårørande til seksuelt misbrukte kan også nytta tilbodet

Trykk her for å lesa meir

Kompetansesenter mot seksuelle overgrep (Nok. Bergen)
  • er eit tilbod til ungdom, kvinner og menn som har opplevd seksuelle overgrep.
  • tilbyr hjelp til sjølvhjelp, råd og rettleiing
  • du treng inga tilvising
  • har tilbod til pårørande

Trykk her for å lesa meir


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 29.06.2018