Søkja helse- og omsorgstenester

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Søknadsfrist

Me har søknadsfrist på nokre av helse- og omsorgstenestene våre. Dei fleste tenestene er det ingen søknadsfrist på. Desse søknadane handsamar me etter kvart som dei kjem inn til oss.
Les meir om tenesta som er aktuell for deg, for å sjå kva som gjeld for akkurat dette tilbodet.

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarer dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Vil du klaga?

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 12.07.2018