HeimHelse, sosial og omsorgIndividuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Slik søkjer du om individuell plan

  1. Trykk her for å lasta ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for plan og koordinator. 
  3. Deter du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden. 
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til kommunen, på ein av følgjande måtar: 
  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Kva skjer vidare med søknaden din?

Kommunen vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator, vil kommunen ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom me ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Samnanger kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan.

Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal i lag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Kontakt oss

Forvaltningskontoret i eining for pleie og omsorg: 

 Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 12.07.2018