Kjernejournal

Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du og helsepersonell har tilgang til kjernejournalen din.

Kjernejournal erstattar ikkje journalar du har hos fastlege eller på sjukehus, men er eit viktig bidrag særleg i akuttsituasjonar kor det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

Kjernejournalen gir helsepersonell rask tilgang til utvalde og viktige helseopplysningar om deg, uavhengig av kvar du vert behandla.

Korleis blir ein kjernejournal oppretta?

Kjernejournal vert automatisk oppretta i kommunane i heile landet, og Samnanger er ein av kommunane som har tatt det i bruk. Viss du ikkje har aktivt reservert deg, har du ein slik kjernejournal.

Du kan og sjølv leggja til opplysningar i kjernejournalen din. Du kan logga deg inn ved hjelp av elektronisk ID, til dømes Bank ID.

Kven har tilgang til kjernejournalen din?

Berre helsepersonell som behandlar deg, kan logga inn i kjernejournalen din frå journalsystemet sitt.

Vil du avgrensa tilgangen til kjernejournal din?

Du kan avgrensa tilgangen til din kjernejournal på nettsida til Direktoratet for e-helse, helsenorge.no.

Du kan hindra innsyn på to ulike måtar:

  1. Du kan avgrensa tilgang til heile eller delar av kjernejournalen din for alle helsepersonell. Då kan helsepersonell berre opna journalen din i ein akuttsituasjon, eller med ditt samtykke.
  2. Du kan blokkera utvalde helsepersonell mot innsyn i kjernejournalen din.

Trykk her for å lesa meir om korleis du kan bestemma bruken av din kjernejournal

Meir informasjon om kjernejournal

Trykk her for å lesa meir om kjernejournal på nettsida til Direktoratet for e-helse

Dersom du ikkje finn svara du treng på nettsida helsenorge.no, kan du be fastlegen din om meir informasjon.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 29.06.2018