HeimHelse, sosial og omsorgKoronaAnbefalingar for covid-19 som gjeld no

Anbefalingar for covid-19 som gjeld no

Regjeringa oppheva tysdag 5. april rådet om å halde seg heime 4 døgn etter koronasmitte (sjå Langsiktig strategi for å normalisere kvardagen på regjeringa.no).


Oppdaterte anbefalingar

Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:

  • Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
  • Du treng ikkje testa deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no).

Sjå meir om kva du gjer ved Nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no).


Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege

Sjølvtestar er framleis tilgjengelege ved Samnanger legekontor for dei i befolkninga som likevel ynskjer å testa seg. Råda ved positiv og negativ test er dei same; hold deg heime viss du føler deg sjuk.

Grunngjeving for oppheving av tiltaka
Omikronvarianten gjer mindre alvorleg sjukdom enn tidlegare variantar av viruset, og svært mange er no vaksinerte eller har hatt korona. Det gjer at dei fleste no er godt verna mot alvorleg sjukdom.

Det er ikkje lenger nødvendig å avgrense smitten på same måte som tidlegare. Det er no tilstrekkeleg at folk held seg heime når dei føler seg sjuke.

 

BEHANDLING AV KORONA MED TABLETTAR
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Det er viktig at behandlinga startar tidleg. Legen din vil vurdere om du er kandidat for behandling eller ikkje.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:
• Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
• Du er over 80 år
• Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksine dei siste seks månadene og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
Sjukdommar som gjev høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av korona:
• Aktiv kreftsjukdom eller pågåande eller nyleg behandling mot kreftsjukdom
• Alvorleg hjerte- eller lungesjukdom
• Dårleg regulert diabetes
• Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
• Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
• Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
• Alvorleg demens
• Downs syndrom

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftveissymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar. Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.
Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt. Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen. Viss symptoma blir verre, bør du kontakte fastlegen din, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Gratis korona-testar delast ut på Samnanger legekontor i kontorets opningstid 08.00-15.30.
Adresse: Tyssevegen 108.
Samnanger legekontor tlf: 56589100
Legevakt tlf: 116117

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.

For meir info sjå Helsenorge.no

 


Sist oppdatert: 10.01.2023
Publisert: 21.04.2022