Kreftkoordinator
Kreftkoordinatoren kan hjelpa og støtta pasientar og/eller pårørande om ein nyleg har fått ein kreftdiagnose, eller har levd med kreft i lengre tid. Også pasientar som er blitt friske, men har vanskar med å koma tilbake til kvardagen, eller slit med seineffektar etter behandling kan ta kontakt. Kreftkoordinatoren er også ressurssjukepleiar innan palliasjon. Ho har kunnskap om lindring, og kan vera til hjelp i dei tilfella der livet går mot slutten og ein har behov for lindring av symptom.
Kven er tilbodet meint for?
Du kan ta kontakt dersom du:
- nyleg har fått ein kreftdiagnose
- er pårørande til ein som har kreft
- ventar på behandling
- er under behandling
- har seinverknader etter kreftbehandling
- er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
- ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen
Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Tverrfagleg team:
- Ved alvorleg sjukdom vil pasient og pårørande kunne ha behov for hjelp og bistand frå andre ressurspersonar i kommunen. Ressurssjukepleiar vil i samråd med pasient og pårørande kunne formidla behovet til den eller dei som er aktuelle.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva kan kreftkoordinatoren hjelpa deg med?
- ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
- heimebesøk med samtale, kartlegging og oppfølging
- råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
- råd og hjelp til lindring av smerter og plager.
- vera ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortera tankar i ei vanskeleg tid
- ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
- vera eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
- sikra oppfølging av barn som pårørande med å tilby kontakt med helsesjukepleiar som er barneansvarleg
- koordinera og leggja til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
- tilrettelegging i forhold til hjelpemiddel
- oppfølging av fysioterapeut
- bidra med informasjon om kva rettar pasient og pårørande har
- støtta pasient og pårørande
- omsorg ved livets slutt
Kontakt oss
Du treng ikkje å søkja eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.
Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller kontoret til kreftkoordinatoren.
Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar.
- Elisabeth Odland
Kreftsjukepleiar
E-post: elisabeth.odland@samnanger.kommune.no
Mobil: 46299655 eller 56589852