HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern har først og fremt eit førebyggande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen òg høve til å påleggja verksemder tiltak for å redusera og/eller fjerna helseskadelege miljøfaktora

Kommunen sine oppgåver innanfor miljøretta helsevern

Systembasert tilsyn med skular, barnehagar, basseng, boblebad og solarium. Tilsyn ved behov ved enkelte andre verksemder som til dømes frisørar og campingplassar. Andre arbeidsoppgåver er klagehandsaming innan støy, forureining med meir.

Alle verksemdene som me driv tilsyn med har plikt til å melda frå til kommunen ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søkja om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. 

Arbeidsoppgåver og tema knytt til miljøretta helsevern: 

  • Godkjenning og tilsyn av barnehagar og skular
  • Tilsyn med symjebasseng og badeplassar
  • Tilsyn med hudpleie-, solarie- og frisørverksemder
  • Tilsyn med campingplassar og overnattingsverksemder
  • Inneklima, radon
  • Hygiene, reinhald, vedlikehald
  • Smittevern
  • Førstehjelp
  • Støy, lys
  • Drikkevatn
  • Avfall
  • Røyking
  • Forureining til vatn, jord og luft
  • Skadedyr og insekt
  • Hald av dyr

Kontaktinformasjon

Servicesenteret: 

Tilbod og tenester

Folkehelse og hygiene 

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 20.10.2020