Forureining - Støy

Støygrense

Andre retningsliner frå helsedirektoratet

Klage på støy

  • Kommunen handsamar klager på støy. Du kan klaga dersom du vert utsett for støy som gjer deg helseproblem.

Me tilrår at du først prøver å ta opp saka med den som forårsakar støyen og forsøker å finna ei løysing.

Kva kan eg klaga på?

Døme på kva du kan klaga på
  • Støy frå tekniske installasjonar, som for eksempel varmepumper, kjøleanlegg eller ventilasjonsanlegg.
  • Støy frå bedrifter eller industri.
  • Støy frå bygg- og anleggsverksemd.
  • Støy frå idrettsanlegg.
  • Støy frå utestader, musikkanlegg og konsertar.
  • Støy frå dyr. Me har ei eiga side om klage på hald av dyr, den finn du her.

Dersom du treng å få målt eller kartlagt støy, må du kontakte eit firma med kompetanse innan støy, akustikk og vibrasjon.

Kva kan eg ikkje klaga på?
  • Kommunen handsamar ikkje klager på nabostøy, for eksempel støy mellom leilegheiter.
  • Eventuelle klager på støy frå menneske i offentleg rom, for eksempel frå parkar og leikeplassar etter klokka 23, må rettast til politiet på telefon 02800.
  • Kommunen handsamar ikkje enkeltepisodar.
Korleis kan eg klaga?

Dersom du vil klaga, må du sende inn skriftleg klage, på ein av følgjande måtar:

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Bruk ikkje e-post dersom klagen inneheld personlege opplysningar. Du kan også ringja kommunen for å drøfta forholdet først.

Du som klagar har i utgangspunktet ikkje rett til å vere anonym, med mindre du har sakleg grunn for å vera det. Kontakt kommnen dersom du har spørsmål om dette.

Kontakt

Servicesenteret: 


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 15.11.2019