Forureining – hald av dyr

Krav

Reglane om at det ikkje er lov å påføra andre helseproblem står i forskrift om miljøretta helsevern, og det er § 7 og § 9 som er mest aktuelle. Dersom dyrehaldet fører til problem med skadedyr står det om dette i forskrift om skadedyrbekjempelse, og det er kapittel 2 som er mest aktuelt. Dersom dyrehaldet fører til forureining eller forsøpling som er til ulempe for miljøet står det om dette i forurensningsloven, og det er §§ 6, 7 og 28 som er mest aktuelle.

Når kan eg klaga?

Du kan klaga dersom dyrehaldet fører til ulemper for omgjevnaden som nemnt ovanfor. Me tilrår at du først prøver å ta opp saka med dyreeigar for å finna ei løysning. Dersom du vil klaga må du senda ein skriftleg klage til kommunen, på ein av følgjande måtar:

Bruk ikkje e-post dersom klagen inneheld personlege opplysningar. Du kan også ringja kommunen for å drøfta forholdet først. Du som klagar har i utgangspunktet ikkje rett til å vera anonym, med mindre du har sakleg grunn for å vera det. Kontakt oss dersom du har spørsmål rundt dette.

Kva kan eg klaga på?

Døme på kva du kan klaga på:
  • Støy, for eksempel frå høns, duer eller hundar.
  • Avføring, for eksempel frå ekstremt mange utekattar.
  • Lukt, både frå dyr som vert haldne utandørs i bur eller innhegningar, og dyr innandørs i leilegheit eller fleirmannsbustader.
  • Skadedyr, for eksempel at rotter får tak i dyra sin mat, eller insekt tiltrekkast av dyra si avføring.
  • Avfall, til dømes at dyra sitt strø eller anna avfall oppbevarast utandørs.
Desse klagane handsamar me ikkje:

Bekymringsmelding om dyrevelferd skal rettast til Mattilsynet. Kommunen handsamar klager som fører til vesentlege helse- eller forureiningsproblem. 

Kva skjer med klagen min? 

  • Når kommunen mottek klagen, vurderer me først om saka fell inn under vårt ansvarsområde.
  • Dersom me handsamar saka tar me først kontakt med dyreeigar for å komma og sjå på dyrehaldet. Dei fleste saker løyser seg med dialog, men kommunen kan stilla krav til at forhold som fører til helse- eller forureiningsproblem vert retta opp. Da fattar me enkeltvedtak i tråd med forvaltningslova.
  • Du som klagar vil få eit svar innan tre veker om kva me gjer med saka. 

Kontakt

Servicesenteret: 

 


Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 20.10.2020