HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevernHelseverngodkjenning av barnehagar og skular

Helseverngodkjenning av barnehagar og skular

Forskrifta skal nyttast ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  1. Barnehagar og andre verksemder som mot godtgjersle gjev tilsyn med og omsorg for born under skulepliktig alder når:
    • Verksemda er regelmessig.
    • Tilbyr opphaldstid på meir enn ti timar i veka.
    • Tal born som er til stades samtidig, er tre eller fleire.
  2. Grunnskular
  3. Vidaregåande skular

«Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler» skal bidra til at barna sitt «arbeidsmiljø» vert ivareteke. I Samnanger er det kommunen som godkjenner barnehagar og skular etter forskrifta.

Alle barnehagar og skular skal ha godkjenning etter forskrifta.

Også barnepasstilbod som ikkje mottek offentleg støtte skal ha godkjenning etter forskrifta. Dette gjeld barnepasstilbod som er regelmessig, meir enn ti timar for veka og har tre eller fleire barn til stade samstundes. Dette kan vera for eksempel dagmamma eller barnepark. 

Sjå også rettleiaren frå Helsedirektoratet: Miljø og helse i barnehagen/skulen


Kontakt

Servicesenteret: 


Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 20.10.2020