Meldeplikt og godkjenning
Godkjenning av verksemder
Ei rekke verksemder skal godkjennast av kommunen. Søknad skal leggast fram for godkjenningsmynde når det ligg føre plan for etablering, utviding eller endring av verksemda. Dersom søknaden avdekkar tilhøve som gjer at krav i forskrift ikkje vert etterlevd, kan det verta fatta vedtak om retting før etablering, utviding eller endring av verksemda. Søknaden skal sendast til kommunen.
Oversikt over verksemder som krev godkjenning
- Skular
- Barnehagar
- Barnehage
- Open barnehage
- Familiebarnehage
- Dagmamma
- Holtakingsverksemder
- Piercing
- Svimerking
- Arring
- Tatoveringsverksemder
- Microblading
Meldeplikt av verksemder
Ei rekkje verksemder har plikt til å melda si verksemd til kommunen. Meldeplikta skal gjera det lettare for kommunen å utføra tilsynsoppgåva si overfor verksemder der det er større risiko for negativ helsepåverknad enn normalt. Melding skal sendast før oppstart eller ved vesentlige utviding eller endringar i verksemda. Dersom det er tvil om ei endring i verksemda skal meldast, skal dette takast opp med kommunen. Dersom meldinga avdekkar tilhøve som gjer at krav i forskrift ikkje vert etterlevd, kan det verta fatta vedtak om retting før oppstart og utviding, eller endring av verksemda.
Meldinga skal sendast til kommunen.
Verksemder som krev melding
- Campingplass
- Lokale for undervisning
- Forsamlingslokale
- Innretningar som kan spreie Legionella
- Kjøletårn
- Luftscrubbar
- Fukt/dusjanlegg
- Badeanlegg og boblebad
- Bruk av avløpsslam
- Frisør og hudpleie
- Frisør
- Hand- og fotpleie
- Hudpleie og massasje
- Solarium
Kontakt
Servicesenteret:
- Telefon: 56 58 74 00
- E-post: post@samnanger.kommune.no
- Adresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse