Radonmåling

Måling av radon i din bustad

Helsemyndigheitene anbefaler alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan, å måla radonkonsentrasjonen i sin bustad.

Alle som leiger ut bustader må måla radon i utleigebustaden. Alle skular og barnehagar må måla radon. Det bør målast radon på arbeidsplassar.

Slik kan du få målt radon

  • Mål radon i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april.
  • Målinga skal føregå over eit tidsrom på minst to månader.
  • Du treng ikkje ha eit firma til å plassera ut måleutstyret hos deg, det gjer du sjølv. Følg rettleiinga som skal følgje med måleutstyret.
  • Ta kontakt med eit firma som sel radonmålingar. Undersøk gjerne med fleire for å samanlikne blant anna pris. Du finn eit firma ved å søkje på internett eller nytta opplysningstenester. Bransjeforeininga Norsk Radonforening har ei oversikt over medlemmer på sine heimesider, men det finst også andre firma. 
  • Kommunen sel ikkje radonmålingar.

Tiltak mot radon

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) - tidlegare Statens strålevern - anbefaler at radonnivå vert halde så lågt som råd i alle bygningar, og at tiltak alltid bør utførast når radonnivåa i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. DSA framhevar at tiltak òg kan vere aktuelt under 100 Bq/m3 dersom ein med enkle tiltak kunne fått radonnivået vesentleg lågare.
Det er den enkelte huseigar sitt ansvar å måle radonkonsentrasjonen i bustaden sin og setja i verk nødvendige tiltak.

For radon i drikkevatn er tiltaksgrensa 500 bq/l.
Radon i vatn kan vere ei årsak til høge radonkonsentrasjonar i luft.
Risikoen gjeld for hus som har vassforsyning frå privat borebrønn. Alle som har vatn frå kommunal vassforsyning treng ikkje tenkja på dette, for det kommunale vatnet kjem frå overflatevatn.
Dersom du har målt høge radonverdiar i innelufta og har vatn frå borebrønn i fast fjell bør du måla radon i vatn. Vatn frå slike brønnar kan innehalda høge konsentrasjonar, og når du dusjar, nyttar oppvaskmaskin og liknande vil radon frigjørast til innelufta.
Radonanalyse av vatnet kan gjennomførast heile året. Utstyr til prøvetaking får du blant anna hos Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA).

Kontakt

Servicesenteret: 

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine sider om radon. 


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 15.11.2019